Cxense Display

Tre visne menn... og ei solstråle lar livet passera revy

Bli med inn i ein absurd og jordnær kvardag gjennom musikk, humor og TV-glimt. Gled deg til både generasjonskløft, formidlarglede, kreativitet og reinspikka vas, men med ein lukkeleg slutt.

4000 rogalendingar har sett førestillinga som nå kjem til Lyngdal kulturhus. Kontrastar og likskapar går hand i hand, saman med overraskande vriar både humoristisk og musikalsk.

Desse er med: John Skien – Mister NRK Rogaland og Norge Rundt. Ingen har leia fleire Norge Rundt-program enn John. Då John gjekk av med pensjon i 2014, etter 45 i NRK; blei han overraska med Kongen si fortenestemedalje. John har også mottatt Kringskastingsprisen og eit par rustne pokalar i vektløfting...

Rita Fotland Bøe har gleda folk i alle aldrar med musikk og sjarm frå ho var nyfødd. Rita frå Fotland i Time kommune, er både scenekunstnaren i festivalteltet og samstundes omsorgskvinna, som får opp stemninga med trekkspelet på aldersheimen. Repertoaret er allsidig, og smilet uimotståeleg.

Torolf Nordbø er mannen bak figuren Han Innante, og som har etablert seg som humorist og visesongar på heiltid. Dei siste åra har artisten Torolf Nordbø fått meir og meir rom i Torolf Nordbø sitt liv. Har hatt stor suksess med «Misjonæren og hedningen», saman med Per Inge Torkelsen frå Løgnaslaget.

Tor Øyvind Skeiseid er uttdanna journalist og jobba i NRK Rogaland i sju år som programleiar, reporter og fotballkommentator. Flytta heim til Finnøy i 2003 og etablerte Ryfylke Livsgnist AS. I 2006 fekk Tor Øyvind reiselivsprisen for Rogaland for Tomatfestivalen og Vandring i bedehusland. Alt som minner om sceneliv er ekstra oppkvikkande for Skeiseiden.

Billetter til Tre visne menn

  1. Tor 14. sep kl 19:00 300 kr   Sal 1 BELLEVUE SCENE Revy Humor Les mer Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_