Cxense Display
1

Revy-Konsert ”Basar”; Humor, song og levd liv. Eit møte mellom aust og vest. Revyen: "Basar" Humor, song og levd liv

Nå er det duka for eit møte utanom det vanlege. Den klassisk skulerte konsertsongaren Gunstein Draugedalen, visesongaren Torolf Nordbø med humorfiguren Han Innante er på turne med den humoristisk-alvorlege revy-konserten: ”Basar”. Her blir det mykje song, frå kyrkje og bedehus-song til visesong, country og roots. I tillegg til song blir også mykje humor og alvor frå levd liv.

Draugedalen spelar piano og Nordbø gitar og munnspel. Dei har hatt suksess med programmet i Arendal og Kristiansan hausten 2018.

Både Nordbø og Draugedalen er kjende frå Nrk TV og radio, bl. a. ”Ønskekonserten”, ”Norsktoppen”,  ”Salmer og Sanger”, ”Beat for Beat”, ”Sanger  om Norge”, ”Norgeskysten”  etc. Nordbø har gjeve ut ni cd-ar og  vore medforfattar av fem humorbøker bl.a. på Samlaget.

I den nye boka om operasjef Bjørn Simensen kjem det fram at han har sagt om Gunstein: ”Gunstein Draugedalen er den beste klassiske sangeren som Den Norske opera aldri fikk.” Gunstein har vitja omtrent alle kyrkjer og bedehus over heile landet. Han har seld over 250 000 plater, og han veit ikkje eksakt talet på kor mange utgjevingar han har vore med på, men det er over 40.

_
_
_